Bondestudentar!Fysst av alt vil eg takke Harald Christensen. Namnet som stod så sirleg skreve på ei tom side i boka eg no skal beretta om for dykk. Kven han er har eg ikkje klart å finne ut av, men eg reknar med at han har levd ein gang i perioden 1890-1970. Boka eg skal fortelje om er “Bondestudentar” av vår eigen Arne Garborg. Eksemplaret som ligg ved sida av meg her eg sitt på kafé i Provence. Stop der, du ser sikkert før deg at eg sitt på eit lite torg i ein liten landsby, men nei. Eg sitt faktisk ikkje der. Eg sitt mitt mellom barken og veden. På venstre side ligg ein gigantisk parkeringsplass, og på høgre sida har eg eigt gigantisk supermarked. Av type typisk europeisk gigantisk med eit utval som får daglegvarehandel i Noreg til å minne meir om potetplukking enn noko anna. Og her, på det vetle bordet kor eg nettop på stotrande nisse-fransk har klart å bestille ein café Americano, ligg altså dette paperbackeksemplaret av Bondestudentar, tredje utgåve frå 1911. Ganske besynderleg tykjer eg. I mi verd lev ikkje sånne bøker lenge. Eg skreller av side for side, og flisar kantane i løpet av ca eit år. Ordene bonde og student satt saman er ikkje ei smigrande samansettning. Hvertfall ikkje før Garborg planta denne boka i historia vår. Eg blir fort sjarmert ver korleis alle substantiv er merkte med stor bokstav, og det arkaiske språket me forlengst har gløymt. Ord som “styvin”, “flikreblid” og “fyrilogo” sprett fram i ny og ne og eg tar meg sjølv i å småle av språket. Heldigvis har min gode følgjesvein Harald Christiansen streka under dei mest uforståelege og omsett dei til nyare språk i margen. Kor lenge er det sidan du som les dette dreiv og noterte i margen i ei skjønnlitterær bok? Etter å ha lese et stykke ut i boka, slår det meg at den godeste Garborg gjennom denne boka snakkar direkte til oss studentar på dei unge universitetene i Noreg. “Bondestudentar”, det må jo vera oss det. Me som utgjer ein av hoveddelane på dei institusjonane som gjentatte gonger blir omtala som “tulleuniversitet” eller eigentlege høgskular med eit flottare namn. Eg tillet meg sjølv å gjengi eit kort utdrag av teksta: "Kvar ein snudde seg var der Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skulane hadde samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei Skjemtefulle Ord og Ordtak og all den range Spursmaal og snøgge Svar og all den ravgalne Latinen som flaug gjennom Lufti som ein Nissedans! So fri som her hadde Daniel aldri kjent seg. Kvardagslive med sitt Stræv og sitt Mas var gløymt; Folk hadde lagt Tankane og Sorgine etter seg heime; Morgondagen var ikkje til; Gleda, Gleda aaleine livde; dette var aa vera Student; dette var det ideale Studenterliv. Skjønner dykk kva eg vil fram til? Me har i alle år fått høyre at Stavanger ikkje er ein ordentleg studentby, at Stavangerstudentane ikkje engasjerer seg, at me er late, og sluttar halveis i bachelorgraden vår for å arbeite med olje. Vidare gjengir Garborg talane til professorane som deltar på “russelaget” dei hel “ein gang um året.” Eg valgte å skrive desse orda før eg var kome meir enn halveis i boka. Eg vil driste meg til å komme med ei lita oppmoding til alle studentar i studentmiljøet vårt. Dette gjeld ikkje berre oss som sitt og sturar på bachelor og masternivå, men og dykk studentar, som har oppnådd høgverdige faglege stillingar, som no har friheita til å både undervise, studere og forske vidare på eigehand. Eg vil tørre å påstå at alle som har størstedelen av veka si på eit universitet eller ein høgskule med nasa i ei bok, kan leggje godviljen til og smykke seg med tittelen student! Kjære bondestudentar! Me er 10 000 stykk i regionen vår. Me studerer alt i frå brønnteknikk til små snevre humanistiske fag som knapt nok har namn! Me er mange, og me vil være med og påvirke og utvikle universitetet vårt slik at me kan være stolte av arbeidet og arbeidsplassen vår! For det å studere, det er eit arbeid, og det skal takast på ramme alvor. Bli med og stirr lånekassen i kvitauga: “Me skal studere til me døyr!” Enten som lærarar, ingeniørar eller professorar eller herlige evige studentar som år etter år et opp alt som er av fagtilbod og grader! Gløym for all del ikkje å lese Arne Garborg si bok “Bondestudentar”, den er ein heilrå klassikar, og eg trur at om Arne Garborg hadde levd i dag, ville han ha vore fast spaltist i SmiS og forelest på nordisk ved institutt for kultur og språkfag. Alikevel, viktigast av alt; studer og vær engasjert! Annonse | |||||||||||