Forum: Åpent forum

Søk dekning, her kjem studentane!

Gratulerer med eit nytt studentvalg overstått og gratulerer til alle dei som blei vald til å representere studentane i stavangerstudenten sitt høgste organ Studentparlamentet. Det blir mykje arbeid på godt og vondt som studentrepresentant. Kva i alle dagar gjer no eigentleg ein student i alle desse verv, råd og utvalg? Eg veit ikkje kor eg skal byrje. Det fins ein ukultur her på UiS og andre stader. Det virkar som mange trur at kvar gong det står “student” foran eit ord, så betyr det at det er ei slags "light"utgåve av noko. Dersom nokon trur at studentpolitikk er ei leikegrind for vordande politikarar så tar dei skammeleg feil. Her på intsitusjonen vår har me eit demokrati. Det betyr at alle me folka her oppe på Universitetet utforbi Stavanger skal være med å styre skuta. Ein har ikkje lovpålagt institusjonane tjue prosent studentrepresentasjon fordi at me skal få “prøve noko litt alvorlig” som unge vaksne “liksom ikkje er kvalifiserte til liksom”. Dette er haldningar som lev den dag i dag. Varsko her! Det kjem eit nytt kull med politisk engasjerte studentar! StOr sin ryggrad og sjølve kjerna i organisasjonen vår her på UiS. No har me valgt nye representantar, og eg håpar alle vil følge opp årets parlamentsvalg med å tenke litt over kva eg trur skjer når me sluttar å bry oss om “demokrati og krig og fred og sånt.”

Kva skjer når vanlege folk sluttar å bry seg? Eg trur at når me sluttar å stemme fram dei me syns
representerer oss best, får me eit forferdeleg regime av folk som meiner at dei er best skikka til å styre. Skylda ligg hos lakeiane deira, velgarane som slavisk stemmer på dei valgalternativa som blir lagt fram for dei. Det er litt som ein tragisk ’"all-you-can-eat restaurant" kor ingen skjønner at dei kan reise seg og gå hvis maten er usunn, muggen og lite innbydande. Me kan da steike meg lage mat sjølv!

Nokon vil jo uansett stemme fram dei kandidatane som er der. Dette kan skje på alle nivå. Når du på eit eller anna punkt føler at det ikkje er noka poeng i å stemme, er det på tide at DU stiller til valg. Sørg hvertfall for at nokon du kjenner og stoler på stiller til valg med din støtte!

Dette er ein av hovedgrunnane til at eg fysst valgte å engasjere meg i noko så “usexy” som
studentpolitikk. Eg føler meg etter eit år i studentane si teneste behovet for å kjenne litt ekstra etter kor eg står henne og seie litt om korleis eg har det. Det er ikkje alltid like lett å skulle være den som sitt i eit dørgande stille rom med direktørar og dekanar og gud veit kva når døra slår igjen. Det er ikkje alltid like lett i sånne situasjonar å være den som stiller dei harde krava og vanskelege spørsmåla. På den andre sida er det mykje lettare når ein veit at ein har nesten nitusen studentar i ryggen. Tenk litt på dette neste gang ditt institutt blir offer for spareøksa eller neste gang du ser fantastiske paviljong ni, studentane sin engasjementsbastion på universitetet.

Det er ikkje lett å seie noko om noko som helst om dagen. Eg er sliten etter eit par lange veker med valg og møter og styre og stell, og alt eg eigentleg vil er å spille med bandet mit eller sitte og lese pensum med ein kopp kaffi på Folken. Det beste svaret eg kan finne når folk spør meg korleis eg orkar å engasjere meg i ting finn eg i ei Tina Turner låt; “Loving you’s a dirty job. But somebody’s gotta do it.”

Ha ei fin veke, me snakkast på universitetet!

Program for Rød liste 2011

«Studentene i sentrum!»

Rød liste mener at vi som studentpolitikere først og fremst må arbeide for studentene. Studiekvalitet og studiehverdag er overordnede saker. Vi skal være aktive og ta initiativ opp mot institusjonen vår, samt følge opp disse. Det er viktig at politikere gjør mer enn å bare sitte i diskusjonsmøter og supperåd, men jobber hardt og kan vise til konkrete resultater! Vi lover å gjøre vårt beste når vi representerer deg i Studentparlamentet!

Studentene inn i NOKAS
Vi vil forsette arbeidet med å skape et dagtidstilbud med lesesaler og forelesningsmuligheter for studenter i sentrum. Vi vil at studentene i regionen vår skal være en viktig og synlig del av Stavanger. Dette er en sak som vi tok initiativ på i parlamentet, og som vi arbeider hardt med videre.

Nytt reisekort for studenter
Rød-liste vil kjempe for at studentens busskort ikke skal ha aldersgrense, gjelde for hele fylket og også dekke nattbussen. Vi jobber allerede gjennom StOr, direkte opp mot Kolumbus og fylkeskommunen for å lage et nytt og bedre reisetilbud for studenter. Dette er et direkte resultat av Rød liste sin politikk.

Parkeringshus på campus
Vi vil ha et parkeringshus på campus. Dette er sammen med økt busstilbud en reell løsning på transportproblemene på UiS. Dette ville gitt oss en oversiktlig og fin parkeringshverdag. Dette vil også frigi areal til flere studentboliger på campus.
*
Økt kvalitet i utdanning gjennom utbedring av kvalitet- og evalueringssystemer på UiS*
Dersom man vil gjøre noe med utdanningskvaliteten ved UiS må man gjøre dette innenfor de rammene som allerede er der. Vi jobber gjennom å representere studentene i kvalitetsutvalg, læringsmiljøutvalg og utdanningsutvalg blant annet for å forbedre og tilgjengeliggjøre de systemene for kvalitetssikring og evaluering vi allerede har på UiS. De er langt fra gode nok, og vi skal gjøre dem bedre! Dette innebærer også en satsning på universitetspedadogisk kurs (Uni.Ped) som obligatorisk for alle forelesere i løpet av to år. Vi ønsker også at UiS skal fortsette å satse på nye og bedre undervisningsformer og eksamensformer som seminarundervisning, videooverføring, økt bruk av gruppe og hjemmeeksamen etc. Vi vil også arbeide for bedre oppfølging og økt bruk av studenter i praksis.

UiS skal ta miljøansvar
Vi må ta miljøutfordringene på alvor. Vi må satse på forskning på fornybar energi og miljøforskning innenfor petroleumssektoren. Det er viktig at vi arbeider for kildesortering og miljøstasjoner i alle bygg på UiS. På UiS skal vi ha et aktivt forhold til miljøet vårt og vår egen hverdag.

Arbeide for økte investeringer i Studentersamfunnet Folken og studentmiljøet
Dersom studentbyen Stavanger skal bli en realitet med et godt studentmiljø er det avgjørende at UiS og studentene er med å lede an. Vi må gi studentersamfunnet vårt realistiske rammer å drive innenfor, for å unngå at Folken går i underskudd igjen. Hver krone til studentmiljøet får UiS tilbake i form av glade og fornøyde studenter som står på eksamen og fullfører studieløpene sine!

Vi skal ta ansvar for studentpolitikk nasjonalt
Vi vil arbeide for å bevare gratisprinsippet for utdanning i Norge. All utdanning skal være gratis, og ikke avhengig av personlig økonomisk bakgrunn. Vi ønsker også å kjempe for å bevare samskipnadene som er studentenes viktigste hjelper i studielivet. Vi vil arbeide for økt bygging av studentboliger og økt satsning på høyere utdanning i Norge. Vi vil også arbeide for bedre likestilling innenfor akademia i Norge. Vi vil arbeide for utvidet studiefinansiering og økt akademisk frihet!

Bondestudentar!

Fysst av alt vil eg takke Harald Christensen. Namnet som stod så sirleg skreve på ei tom side i boka eg no skal beretta om for dykk. Kven han er har eg ikkje klart å finne ut av, men eg reknar med at han har levd ein gang i perioden 1890-1970. Boka eg skal fortelje om er “Bondestudentar” av vår eigen Arne Garborg. Eksemplaret som ligg ved sida av meg her eg sitt på kafé i Provence. Stop der, du ser sikkert før deg at eg sitt på eit lite torg i ein liten landsby, men nei. Eg sitt faktisk ikkje der. Eg sitt mitt mellom barken og veden. På venstre side ligg ein gigantisk parkeringsplass, og på høgre sida har eg eigt gigantisk supermarked. Av type typisk europeisk gigantisk med eit utval som får daglegvarehandel i Noreg til å minne meir om potetplukking enn noko anna. Og her, på det vetle bordet kor eg nettop på stotrande nisse-fransk har klart å bestille ein café Americano, ligg altså dette paperbackeksemplaret av Bondestudentar, tredje utgåve frå 1911. Ganske besynderleg tykjer eg. I mi verd lev ikkje sånne bøker lenge. Eg skreller av side for side, og flisar kantane i løpet av ca eit år. Ordene bonde og student satt saman er ikkje ei smigrande samansettning. Hvertfall ikkje før Garborg planta denne boka i historia vår. Eg blir fort sjarmert ver korleis alle substantiv er merkte med stor bokstav, og det arkaiske språket me forlengst har gløymt. Ord som “styvin”, “flikreblid” og “fyrilogo” sprett fram i ny og ne og eg tar meg sjølv i å småle av språket. Heldigvis har min gode følgjesvein Harald Christiansen streka under dei mest uforståelege og omsett dei til nyare språk i margen. Kor lenge er det sidan du som les dette dreiv og noterte i margen i ei skjønnlitterær bok?

Etter å ha lese et stykke ut i boka, slår det meg at den godeste Garborg gjennom denne boka snakkar direkte til oss studentar på dei unge universitetene i Noreg. “Bondestudentar”, det må jo vera oss det. Me som utgjer ein av hoveddelane på dei institusjonane som gjentatte gonger blir omtala som “tulleuniversitet” eller eigentlege høgskular med eit flottare namn. Eg tillet meg sjølv å gjengi eit kort utdrag av teksta: "Kvar ein snudde seg var der Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skulane hadde samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei Skjemtefulle Ord og Ordtak og all den range Spursmaal og snøgge Svar og all den ravgalne Latinen som flaug gjennom Lufti som ein Nissedans! So fri som her hadde Daniel aldri kjent seg. Kvardagslive med sitt Stræv og sitt Mas var gløymt; Folk hadde lagt Tankane og Sorgine etter seg heime; Morgondagen var ikkje til; Gleda, Gleda aaleine livde; dette var aa vera Student; dette var det ideale Studenterliv.

Skjønner dykk kva eg vil fram til? Me har i alle år fått høyre at Stavanger ikkje er ein ordentleg studentby, at Stavangerstudentane ikkje engasjerer seg, at me er late, og sluttar halveis i bachelorgraden vår for å arbeite med olje. Vidare gjengir Garborg talane til professorane som deltar på “russelaget” dei hel “ein gang um året.” Eg valgte å skrive desse orda før eg var kome meir enn halveis i boka. Eg vil driste meg til å komme med ei lita oppmoding til alle studentar i studentmiljøet vårt. Dette gjeld ikkje berre oss som sitt og sturar på bachelor og masternivå, men og dykk studentar, som har oppnådd høgverdige faglege stillingar, som no har friheita til å både undervise, studere og forske vidare på eigehand. Eg vil tørre å påstå at alle som har størstedelen av veka si på eit universitet eller ein høgskule med nasa i ei bok, kan leggje godviljen til og smykke seg med tittelen student!

Kjære bondestudentar! Me er 10 000 stykk i regionen vår. Me studerer alt i frå brønnteknikk til små snevre humanistiske fag som knapt nok har namn! Me er mange, og me vil være med og påvirke og utvikle universitetet vårt slik at me kan være stolte av arbeidet og arbeidsplassen vår! For det å studere, det er eit arbeid, og det skal takast på ramme alvor.

Bli med og stirr lånekassen i kvitauga: “Me skal studere til me døyr!” Enten som lærarar, ingeniørar eller professorar eller herlige evige studentar som år etter år et opp alt som er av fagtilbod og grader! Gløym for all del ikkje å lese Arne Garborg si bok “Bondestudentar”, den er ein heilrå klassikar, og eg trur at om Arne Garborg hadde levd i dag, ville han ha vore fast spaltist i SmiS og forelest på nordisk ved institutt for kultur og språkfag. Alikevel, viktigast av alt; studer og vær engasjert!

Raud-liste vinn fram!

Sist parlamentsmøte fekk me solid representasjon i studentstyret i StOr. Eg takkar parlamentet for tilliten, og gleder meg til å få fortsette det gode arbeidet som me allereie med stor suksess har fått til sidan me byrja i januar. Studentane i Sentrum, overskrifta i programmet vårt, har materialisert seg i form av arbeidet fram mot etableringa av Kunnskapsbanken i sentrum. Me tok initiativet, og har sidan vore pådrivarar for å gjere dette til ein sak for StOr, og jommen har ikkje det vore ein av toppsakene våre dette semesteret. Eg håper at me kjem i mål og snart kan heise UiS-flagget i sentrum. Før valget lova me å jobbe for betring av kollektivtilbodet for studentane i Stavanger, og eg gleder meg til nytt møte med Kolumbus og Fylkeskommunen etter fadderveka for å fortsette den gode dialogen me hadde på det fysste møtet. Kanskje klarer me få til eit reisetilbod som dekker studentane sitt reisebehov meir enn berre på turen til utdanningsinstitusjonen sin. Me ser at studentane i regionen vår våknar til liv, og vil noko! Det er vel ikkje å skryte for mykje å seie at studentane har vore meir synlege i vår enn på lenge. Felles for alle studentane no, er at me vil vere synlege i byen vår. Me vil at Studentbyen Stavanger skal eksistere meir enn berre i festtalar og på papir! Studentane vil ha medverknad på kvardagen sin. Innføring av kvalifikasjonsrammeverket og kutteplanen “BoFu” er kjempeutfordringer som me studentar må følgje aktivt opp og vere med i. Det er viktig at me klarer å bygga ein organisasjon som er sterk nok til å møta desse utfordringene utan at me mister fokus på dei mindre sakene som me arbeiter med kvar dag. StOr er i ein god posisjon som politisk styringsorgan og interesseorganisasjon for studentane. Det blir spennande å sjå korleis nytt rektorvalg og innføringa av demokrati på UiS vil arte seg, og kan lova at me i StOr ikkje kjem til å sitte på sidelinja og syte, men tvert imot vera aktive og konstruktive i alle styrings og utviklingsprosessar på UiS og i byen vår framover. Ei samla raud-liste gratulerer avtroppande leiar og nestleiar i StOr Gunnar Dyrseth og Kathe-Mari Solberg Hansen med plassar i UiS-styret og takkar for det gode arbeidet dykk har gjort. Eg gleder meg til semesterstart!

NSU + StL = Sant

Denne helgen, faktisk denne dagen, stiftes den nye studentorganisasjonen i Norge, Norsk Student Organisasjon, eller NSO. Hva kan vi vente oss av denne nye nasjonale studentorganisasjonen?

Dette er en sammenslåing som har vært annonsert og ønske i svært mange år. Tanken med å ha en felles studentorganisasjon framfor to seperate, er i seg selv logisk og et godt arguemnt. Likevel, sammenslåing i seg selv er ikke nok, det har man sett mange ganger. Det som gjennstår nå er å skape visjonene og de gode studentpolitikkerene. Nå har selvsagt NSO et svært godt utgangspunkt, siden visjonene fra begge organisasjonene, samt tillitsvalgte, vil følge med i forskjellige former inn i det nye. Likevel, NSO må stå på egne bein, som en ny organisasjon, en videreføring ja, men selvstendig.

Noe av kritikken mot de gamle studentorganisasjonene var at mange opplevde de som noe konservatie til tider, som ofte bare gjenntok gamle krav. Dette er selvsagt en urettferdig sannhet av mange grunner, men den er verd og merke seg. Selv kjente jeg best NSU, og det er klart at ordene “studentbolig” og “studelån” ble sagt betydelig oftere enn “kvalitet” og “forskningsbasert”. Det var i alle fall min opplevelse. Det er logisk og viktig å stå på kravene om studentvelferd. Vi trenger flere studentboliger, ikke minst i Stavanger, og Studielånet nærmer seg det pinlige, særlig når regjeringen fremdeles ikke greier og levere elleve månders finansiering. Men satt på spissen, det hjelper lite om du har billig bolig og nok inntekt til å komme over sultegrensa, når undervisningen ikke holder mål. KD mener det vil komme omlag 33000 flere studenter de neste fire årene, dette er et moderat annslag, sanheten kan godt ligge helt opp mot 50000. Samtidig er vi inne i en periode hvor vi kan vente lite påplussninger på statsbudsjette, heller det motsatte. Flere instiusjoner er alt inne i en svært alvorlig økonomisk sitvasjon, ikke minst UiS, og med det som bakteppe er det ikke vanskelig og se at utfordringene for sektoren de neste fire-fem årene blir vanskelige. Ikke bare skal man få flere studenter igjennom, helst uten mer penger, men samtidig må man opprettholde kvalitetetn, og gjerne hevde oss ennå sterkere internasjonalt. Dette er den virkelig store hodepinen til NSO de neste årene.

Vi på Rød-liste er selvsagt ikke fornøyde med å bare si “lykke til” som mange andre vil si denne helgen til stiftelsesmøte, vi har tenkt til å være med. Den viktigste jobben vil vi gjøre lokalt på UiS. Vi vil ikke godta at man lar kvaliteten på utdanningen forvitre eller at man ikke stiller krav til det pedagoiske ved undervisningen, fordi man er i en økonomisk vanskelig sitvasjon. Det er nettopp nå slike krav er viktig å stille, på en god og konstruktiv måte. Disse utfordringene krever en sterk nasjonal studentorganisasjon, på samme måte som NSO trenger aktive og sterke lokal lag. Rød-liste medlemmer var alt denne helgen med på å stifte NSO, det er bare en begynnelse.

BI støtte til studenter i Norges Bank bygget

bi-rektor-liv-anette-norland

Det er gledelig å se at Bjørn Bugge, direktør ved BI Stavanger og BI-Studentene støtter initiativet om å få Norges Bank bygget til studentformål. Initiativet fra miljøet på Storhaug understreker bare behovet for et felles samlingspunkt for alle byens studenter midt i sentrum.

Bugge sier til SmiS at “samarbeidet med blant andre Universitetet i Stavanger kan bli betra av å få til eit slikt forum som studentane kan få i Norges Bank-bygget.” Vi i Rød Liste stiller oss bak dette og er svært glade for at direktøren ved BI setter handling bak ordene. En telefonsamtale til ordføreren er en god start, deltagelse i arbeidsgruppen en oppfølging og åpningen av det nye Norges Bank bygget finalen.

Sammen står vi sterkere!

Les også SmiS artikkelen Optimistiske studenter forberedt på motstand

Noregs bank bør bli ein Kunnskapsbank!

Ein har famla lengje i tåka her på berget, om korleis me skal bli ein studentby. Me studentar vil herved informera alle me som bur i Stavanger, om at me er ein studentby i vekst! Det er berre vanskelig å sjå det. Byen vår har over ti tusen studentar, som dagleg ferdast rundt i sentrum, på Ullandhaug, rundt BI på Storhaug og på Misjonsmarka. Me er ein understimulert og lavt prioritert del av Stavangers innbyggarar som no i vårsola, skrik som ein trostunge for å bli sett. Me vil inn i Noregs Bank bygget og fylla det med liv. Ein gong for alle, må me vise at me er Studentbyen Stavanger med stor S.

Arkitekturen i bygget er monumental og inviterande med sin åpne fasade. Tar ein med lokaliseringa, som er den meist traffikerte staden i sentrum, kan det ikkje vere tvil om at dette kan vere ei satsning som kan gi store ringvirkningar. Eit betre kontaktpunkt for alle oss på universitetet og resten av Stavangers innbyggarar skal du leite lengje etter. Her kan ein på alle måtar få bidra til eit levande sentrum! Dersom me vel å leggja ein lukka bankhistorie til grunn, finns det ikkje noko betre innhald for framtida enn ein åpen kunnskapsbank!

Ideen vår er enkel. Me vil åpne opp bygget, og fylla det med aktivitet og kunnskap! Sjå for dykk åpne forelesninger kvar veke, om alt frå vikingtid, religion og moderne kunst, til samfunnssikkerheit og utfordringar i petroleumssektoren. Lett tilgjengelig i sentrum, opne for alle! Sjå for dykk små dagtidskonsertar frå musikkstudentane både i og utanfor bygget. Kanskje ein studentkafé med matservering? Kanskje ein akademisk bokhandel med universitetet sine publikasjonar? Sjå for dykk ein informasjonsskranke der ein kan orientere seg om alt Studentsamfunnet i Stavanger har å by på, og ein plass UiS i mykje større grad har eit direkte kontaktpunkt med potensielle nye studentar. Me ønsker oss lesesalar, kontor og grupperom, plassert i eit viktig bygg i sentrum. Det er på tide at Stavanger visar fram U’en som me har jobba hardt for å få oss. Og me har vanskelig for å sjå oss ein finare plass å henga han opp enn på fasaden til Noregs bank!

Visjonen om ein kunnskapsbank er heller ikkje eit ultimatum om kva byggningen skal brukast til. Det er ikkje vår tanke å berre «kapre» oss eit nytt bygg i Stavanger. Studentaktiviteten er eit godt alternativ som ikkje skyv ut dei aktørane som allereie er i byggninga. Fortsatt turistinformasjon, og kulturbedriftar. Me håpar og på ein museumskjeller og eit serviceanlegg for Domkirka er og noko me kunne tenkt oss. Bygget er så stort at det bør vera plass nok til dei fleste som vil vere med.

Bodskapet frå studentane til kommunen og dei involverte, er at me vil at studentbyen Stavanger skal synast igjen i bybildet. Vi vil ha en kunnskapsbank som kan fylle Noregs Bank bygget med aktivitet og kunnskap. Eit sånt praktbygg i sentrum, kan bli den første byggesteinen i eit voksande studentsamfunn som burde få prega byen i framtida!

Fredrik og Torstein

Gjør Norges Bank til en Kunnskapsbank

Studentene banker på

I de siste dagene før påskeferien lanserte studentene ideen om å bruke Norges Bank bygget til en plass der studentene kan samles i sentrum. Stavanger har lenge vert en studentby, men at det til daglig studerer nærmere 10 000 studenter i byen merkes ikke i sentrum. Rød Liste mener derfor det er på høy tid at studentene inviteres inn til sentrum, og Norges Bank bygget mener vi er perfekt for et slik formål.

Hva ser vi for oss?
Ideen er ikke bare synliggjøring, men også stappet med innhold. For er det noe studentene kan bidra med er det å skape liv og åpne opp en nå utilgjengelig bygning. Til nå har forslagene vert mange: ukentlige åpne forelesninger, lesesal, studentcafe med fagbokutsalg, kontorer for studentorganisasjoner, billettkontor for Folken og ikke minst et sted der UiS kan møte nye kommende studenter.

Det er også viktig for oss å understreke at ønsket om studentbruk ikke nødvendigvis krasjer med andre ideer. Med en inkluderende tanke blir det gjerne plass til både kultur-bank, kunnskapsbank og museum.

Les oppslaget i RA <Studentene banker på>

Velkommen til Rød-liste blogg

Rød liste

Det er mye som er starten på noe nytt og spennende, men dette ER starten på noe nytt og spennende! På denne bloggen vil vi i Rød-liste legge ut meninger, saker og dierse om det vi jobber med i studentparlamentet på UiS. Noen vil mene det er en nyhet i seg selv med aktive studenter, selv mener vi det er gammelt nytt, men sensasjonen ligger i dag på “spre budskapet” nivå. Ikke bare er listevalg en ny ting på UiS, men studentpolitisk debatt også. Vi gleder oss til å spre vårt glade budskap og ser frem til gode debatter og mange innlegg her på denne siden!

Vi håper du melder deg inn i sonen for å følge med på vår aktivitet!

På vegne av Rød-liste

Torstein Tvedt Solberg

Annonse