Søk dekning, her kjem studentane!Gratulerer med eit nytt studentvalg overstått og gratulerer til alle dei som blei vald til å representere studentane i stavangerstudenten sitt høgste organ Studentparlamentet. Det blir mykje arbeid på godt og vondt som studentrepresentant. Kva i alle dagar gjer no eigentleg ein student i alle desse verv, råd og utvalg? Eg veit ikkje kor eg skal byrje. Det fins ein ukultur her på UiS og andre stader. Det virkar som mange trur at kvar gong det står “student” foran eit ord, så betyr det at det er ei slags "light"utgåve av noko. Dersom nokon trur at studentpolitikk er ei leikegrind for vordande politikarar så tar dei skammeleg feil. Her på intsitusjonen vår har me eit demokrati. Det betyr at alle me folka her oppe på Universitetet utforbi Stavanger skal være med å styre skuta. Ein har ikkje lovpålagt institusjonane tjue prosent studentrepresentasjon fordi at me skal få “prøve noko litt alvorlig” som unge vaksne “liksom ikkje er kvalifiserte til liksom”. Dette er haldningar som lev den dag i dag. Varsko her! Det kjem eit nytt kull med politisk engasjerte studentar! StOr sin ryggrad og sjølve kjerna i organisasjonen vår her på UiS. No har me valgt nye representantar, og eg håpar alle vil følge opp årets parlamentsvalg med å tenke litt over kva eg trur skjer når me sluttar å bry oss om “demokrati og krig og fred og sånt.” Kva skjer når vanlege folk sluttar å bry seg? Eg trur at når me sluttar å stemme fram dei me syns Program for Rød liste 2011«Studentene i sentrum!» Rød liste mener at vi som studentpolitikere først og fremst må arbeide for studentene. Studiekvalitet og studiehverdag er overordnede saker. Vi skal være aktive og ta initiativ opp mot institusjonen vår, samt følge opp disse. Det er viktig at politikere gjør mer enn å bare sitte i diskusjonsmøter og supperåd, men jobber hardt og kan vise til konkrete resultater! Vi lover å gjøre vårt beste når vi representerer deg i Studentparlamentet! Bondestudentar!Fysst av alt vil eg takke Harald Christensen. Namnet som stod så sirleg skreve på ei tom side i boka eg no skal beretta om for dykk. Kven han er har eg ikkje klart å finne ut av, men eg reknar med at han har levd ein gang i perioden 1890-1970. Boka eg skal fortelje om er “Bondestudentar” av vår eigen Arne Garborg. Eksemplaret som ligg ved sida av meg her eg sitt på kafé i Provence. Stop der, du ser sikkert før deg at eg sitt på eit lite torg i ein liten landsby, men nei. Eg sitt faktisk ikkje der. Eg sitt mitt mellom barken og veden. På venstre side ligg ein gigantisk parkeringsplass, og på høgre sida har eg eigt gigantisk supermarked. Av type typisk europeisk gigantisk med eit utval som får daglegvarehandel i Noreg til å minne meir om potetplukking enn noko anna. Og her, på det vetle bordet kor eg nettop på stotrande nisse-fransk har klart å bestille ein café Americano, ligg altså dette paperbackeksemplaret av Bondestudentar, tredje utgåve frå 1911. Ganske besynderleg tykjer eg. I mi verd lev ikkje sånne bøker lenge. Eg skreller av side for side, og flisar kantane i løpet av ca eit år. Ordene bonde og student satt saman er ikkje ei smigrande samansettning. Hvertfall ikkje før Garborg planta denne boka i historia vår. Eg blir fort sjarmert ver korleis alle substantiv er merkte med stor bokstav, og det arkaiske språket me forlengst har gløymt. Ord som “styvin”, “flikreblid” og “fyrilogo” sprett fram i ny og ne og eg tar meg sjølv i å småle av språket. Heldigvis har min gode følgjesvein Harald Christiansen streka under dei mest uforståelege og omsett dei til nyare språk i margen. Kor lenge er det sidan du som les dette dreiv og noterte i margen i ei skjønnlitterær bok? Raud-liste vinn fram!Sist parlamentsmøte fekk me solid representasjon i studentstyret i StOr. Eg takkar parlamentet for tilliten, og gleder meg til å få fortsette det gode arbeidet som me allereie med stor suksess har fått til sidan me byrja i januar. Studentane i Sentrum, overskrifta i programmet vårt, har materialisert seg i form av arbeidet fram mot etableringa av Kunnskapsbanken i sentrum. Me tok initiativet, og har sidan vore pådrivarar for å gjere dette til ein sak for StOr, og jommen har ikkje det vore ein av toppsakene våre dette semesteret. Eg håper at me kjem i mål og snart kan heise UiS-flagget i sentrum. Før valget lova me å jobbe for betring av kollektivtilbodet for studentane i Stavanger, og eg gleder meg til nytt møte med Kolumbus og Fylkeskommunen etter fadderveka for å fortsette den gode dialogen me hadde på det fysste møtet. Kanskje klarer me få til eit reisetilbod som dekker studentane sitt reisebehov meir enn berre på turen til utdanningsinstitusjonen sin. Me ser at studentane i regionen vår våknar til liv, og vil noko! Det er vel ikkje å skryte for mykje å seie at studentane har vore meir synlege i vår enn på lenge. Felles for alle studentane no, er at me vil vere synlege i byen vår. Me vil at Studentbyen Stavanger skal eksistere meir enn berre i festtalar og på papir! Studentane vil ha medverknad på kvardagen sin. Innføring av kvalifikasjonsrammeverket og kutteplanen “BoFu” er kjempeutfordringer som me studentar må følgje aktivt opp og vere med i. Det er viktig at me klarer å bygga ein organisasjon som er sterk nok til å møta desse utfordringene utan at me mister fokus på dei mindre sakene som me arbeiter med kvar dag. StOr er i ein god posisjon som politisk styringsorgan og interesseorganisasjon for studentane. Det blir spennande å sjå korleis nytt rektorvalg og innføringa av demokrati på UiS vil arte seg, og kan lova at me i StOr ikkje kjem til å sitte på sidelinja og syte, men tvert imot vera aktive og konstruktive i alle styrings og utviklingsprosessar på UiS og i byen vår framover. Ei samla raud-liste gratulerer avtroppande leiar og nestleiar i StOr Gunnar Dyrseth og Kathe-Mari Solberg Hansen med plassar i UiS-styret og takkar for det gode arbeidet dykk har gjort. Eg gleder meg til semesterstart! NSU + StL = SantDenne helgen, faktisk denne dagen, stiftes den nye studentorganisasjonen i Norge, Norsk Student Organisasjon, eller NSO. Hva kan vi vente oss av denne nye nasjonale studentorganisasjonen? BI støtte til studenter i Norges Bank byggetDet er gledelig å se at Bjørn Bugge, direktør ved BI Stavanger og BI-Studentene støtter initiativet om å få Norges Bank bygget til studentformål. Initiativet fra miljøet på Storhaug understreker bare behovet for et felles samlingspunkt for alle byens studenter midt i sentrum. Noregs bank bør bli ein Kunnskapsbank!Ein har famla lengje i tåka her på berget, om korleis me skal bli ein studentby. Me studentar vil herved informera alle me som bur i Stavanger, om at me er ein studentby i vekst! Det er berre vanskelig å sjå det. Byen vår har over ti tusen studentar, som dagleg ferdast rundt i sentrum, på Ullandhaug, rundt BI på Storhaug og på Misjonsmarka. Me er ein understimulert og lavt prioritert del av Stavangers innbyggarar som no i vårsola, skrik som ein trostunge for å bli sett. Me vil inn i Noregs Bank bygget og fylla det med liv. Ein gong for alle, må me vise at me er Studentbyen Stavanger med stor S. Arkitekturen i bygget er monumental og inviterande med sin åpne fasade. Tar ein med lokaliseringa, som er den meist traffikerte staden i sentrum, kan det ikkje vere tvil om at dette kan vere ei satsning som kan gi store ringvirkningar. Eit betre kontaktpunkt for alle oss på universitetet og resten av Stavangers innbyggarar skal du leite lengje etter. Her kan ein på alle måtar få bidra til eit levande sentrum! Dersom me vel å leggja ein lukka bankhistorie til grunn, finns det ikkje noko betre innhald for framtida enn ein åpen kunnskapsbank! Gjør Norges Bank til en KunnskapsbankI de siste dagene før påskeferien lanserte studentene ideen om å bruke Norges Bank bygget til en plass der studentene kan samles i sentrum. Stavanger har lenge vert en studentby, men at det til daglig studerer nærmere 10 000 studenter i byen merkes ikke i sentrum. Rød Liste mener derfor det er på høy tid at studentene inviteres inn til sentrum, og Norges Bank bygget mener vi er perfekt for et slik formål. Velkommen til Rød-liste bloggDet er mye som er starten på noe nytt og spennende, men dette ER starten på noe nytt og spennende! På denne bloggen vil vi i Rød-liste legge ut meninger, saker og dierse om det vi jobber med i studentparlamentet på UiS. Noen vil mene det er en nyhet i seg selv med aktive studenter, selv mener vi det er gammelt nytt, men sensasjonen ligger i dag på “spre budskapet” nivå. Ikke bare er listevalg en ny ting på UiS, men studentpolitisk debatt også. Vi gleder oss til å spre vårt glade budskap og ser frem til gode debatter og mange innlegg her på denne siden! Rød-liste blogg
Følges av 7 medlemmer.
Rød-liste er venstresidens studentpolitiske talerør på UiS, og favner alt fra ytterst til venstre, via SV til Arbeiderpartiet. Vårt mål er et universitet som ivaretar lik rett til utdanning og der kvalitet står i fokus. Siden opprettelsen har vi kjempet for språkfagene, kritisert kutt og små studenthus og lansert en sterkere studenteierskap til SiS. Våre to representanter i studentparlamentet: Vil du bli med i Rød-liste? Rød-liste blogg er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||